SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 6 skann 8

6 Dei eldste tider. Harald Haarfagre. Kona hans Odẽn heitte Frigg; son deira var den sterke Tör; naar han kjøyrde yver himlen i kjerra si, dunde det, so vart det tor-dyn elder tora. Altid laag han i strid med trollom og brukad daa Mj ælner, sin gode hamar, og honom var trolli rædde fyre; for han knuste alting. Njord raadde fyre vind og sjø og skifte ut rikdom millom folk; Frøy, son hans, raadde fyre godt aar, og Frøya, dotter hans, var gudinna fyre kjærleiken. Tyr var ein modug og djerv gud, som heilhugade menner dyrkad; han var einhendt; for ulven Fenre hadde bitet høgre handi av honom. Balder var god og vis; men den innfule Laake fekk honom drepen ved ei svikraad. Kongen i eit fylke førde ofte krig med kongarne i andre fylke og kunde soleids leggja fleire fylke under seg. Kongar og kongssøner samlad ofte folk umkring seg, fôr paa herferd og vilde vinna æra og rikdom; naar dei drog til sjøs paa den maaten, kallad dei det vikingferd. Fraa slutten av det Bande aarhundradet kom nordmennerne paa vikingferder til England, Skotland, Irland og Frankrike og herjad. Mange av deim vart verande der i landom; men mange vende heim atter ogso. Paa desse lange sjøferdom kunde det henda, at skip kom ut fyre uvedr og vart drivne langt av leidi. Paa den maaten bar det til, at nordmennerne fraa fyrst fann Færøyarne og seinare Island. Harald Haarfagre. Paa Upplandom raadde der ei kongsætt, som skal vera komi fraa Sverike og vart kallad Vnglin gætti. Den megtugaste av den ætti var Halvdan Svarte; han raadde yver mest heile austlandet. Halvdan hadde ein son, Harald, som var 1Oo aar gamall, daa faderen døydde. Daa han vart nokot eldre, gjorde han den lovnaden, at han ikkje vilde klippa elder kjemma haaret sitt, fyrr enn han var einekonge yver heile landet. Han samlad straks ein her og tok fyrst Trøndelagen og so det eine fylket etter det andre frammed sjøkanten; det sidste slaget vann han i 872 i Havrsfjorden ved Jadren. Strakst etter fekk han greidt haaret sitt, som no hadde voret ukjemt og uklipt i 1o aar; Ragn-
Skann 8 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 6». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/8/