SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 5 skann 7

[Tvo riddarar, etter ei gamal teikning fraa det r4de aarh.] Dei eldste tider. So! langt tilbake i tidi, som me veit nokot visst, heve forfederne vaare buttiher i landet, kanhenda yver 3000 aar; dei var nærskylde med svenskar og danskar og talad same maalet, I den fyrste tidi var det berre tjukke skogen i alle dalar og lider til høgt uppi fjellsida, so naar vaare feder vilde faa seg aaker og eng, maatte dei rydja skogen undan. Landet var sunderbytt millom dei frie menner, bønderne. Det jordstykket, ein bonde aatte, kallad dei hans odel, og sjølv vart han kallad odelsmann. Den, som hadde leigt jord, vart kallad leiglending. Ein bonde kunde eiga mange trælar, og dei var ufrie. I den eldste tidi budde ikkje forfederne vaare i byar elder landsbyar; men kvar bonde hadde sin serskilde gard. I fyrstningi var ikkje Noreg eitt rike; men det var skift i mange smaarike elder fylke, nokot paa storleike som vaare amt. I kvart fylke hadde dei ting elder fylkes-ting; dette var møte, der alle bønder kom saman og gav loger fyre fylket og dømde i rettssaker. Nordmennerne var heidningar liksom dei andre germanske folkt og dyrkad mange gudar. Vaare forfeder trudde, at gudarne var gode og megtuge og hjelpte menneskjorna, serleg mot dei vonde troll, som budde i fjellom. Far til gudarne var "Odén, som budde i Valhall; han raadde fyre striden; og alle dei, som fall i kamp, kom etter dauden til honom i Valhall. Dér morad dei seg med aa kjempa, og dei fellte kvarandre; men um kvelden livnad dei upp atter. Odén aatte ein hest, som hadde 8 føter og heitte Sleipner, og eit spjot, som heitte Gungner og raakad alt det, han sigtad etter. y) Sjaa verdenshistorien s. 15.
Skann 7 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 5». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/7/