SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 40 skann 42

40 Karl den femtande. regjeringspartiet («høgre») med Schw eig aard somførar (j 1870) og opposisjonen («vinstre») med Johan Sverdrup (f 1892) og Ueland som førararar; «vinstre» var atter skilt i tvo greiner: dei «liberale» (d. e. frilynde), som serleg arbeidde paa aa lata stortinget faa meir og meir aa segja i statsstyret, og «bondeflokken», som serleg dreiv paa sparing i statshushaldet. I denne Tid dæydde stathaldaren L øven skjold, Stang vart sjukeleg og sagde fraa seg si stilling, og i 1857 vart kong Oskar so ulækjeleg sjuk, at hans eldste son Karl maatte yvertaka styret i baade landom som prins-regent; daa faderen døydde 1859, vart han konge. Karl den femtande. I dei fyrste aar, Karl styrde, hadde nordmenner og svenskar myket ubytt. Daa stortinget vedtok aa avlysastathaldarposten, som hadde stadet ledig, sidan Løvenskjold døydde, paastod svenskarne, at dei hadde nokot aa segja i den sak, avdi ein svenske kunde vera stathaldar. Kongen negtad aa stadfesta stortingsavgjerdi, og der fall harde ord fraa baade sidom; striden endad med, at tri norske statsraadar tok avskil, og der Vart utnemnt eit nytt statsraad med Fredrik Stang som fyrstemann (1861—80). Dette styret gjekk inn paa, at der vart nedsett eit norsk-svensk utval, som skulde gjera forslag til ei ny riksakt; daa forslaget var ferdugt, vart det fyrelagt fyre stortinget til avgjering 1871. I den tid Karl den 15de styrde, hadde der vortet store brigde med stortinget. I 1859 hadde stortinget etter Schweigaards forslag vedteket eit umbrøyte i grunnlogi, so byarne heretter skulde senda 37 mann til stortings (mot 5o fyrr) og amti 74 (mot 61 fyrr); og i 1869 vedtok dei, at der skulde Fredrik Stang. vera storting kvart aar (i staden fyre kvart tridje aar fyrr). i
Skann 42 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 40». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/42/