SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 38 skann 40

38 g Karl Johan. saman atter um vaaren 1828; han var sjølv komen til Kristiania og hadde kallat inn mannskap paa Eiterstad; folk bøygde seg daa so langt etter kongens ynskje, at dei det aaret ikkje heldt 17de mai-festar. Men i 1829 vilde studentarne høgtida dagen i Kristianiay og daa ei stor mannamengd, som hadde stimat saman paa torget, vart jagad fraa kvarandre med vaapenmagt («torg-slaget»), vekte dette stor uvilje hjaa nordmennerne; etter det uppgav dei ikkje aa høgtida dagen (Henrik Wergeland). Daa den svenske stathaldaren, greiv Platen, døydde snart etter, fann kongen det rettast aa ikkje setja inn svenske stathaldarar i Noreg lenger!. Etter 1830 (juli-umstøyten) vart der ogso meir rørsla i Noreg. Der vart sett i gang nye, frilynde aviser i Kristiania, yngre menner kom inn i stortinget, og medan dei fyrr mest hadde valt embættesmenner til stortinget, byrjad ogso bønderne, serleg fraa 1833, fyre aalvor aa taka deil i vali og sende fleire bønder til tings (Ole Gabriel Ueland, døydde 1870). Etter den tid var stortinget deilt millom bønder og embættesmenner; men baade flokkarne gjorde eitt i aa hævda Noregs sjølvstøda. Daa stortinget i 1836 utan ordskifte lagde tilsides kongens forslag til umbrøyte i grunnlogi, og der kom fram eit forslag um aa gjera umbrøyte med flagdet, vart kongen so vreid, at han med eitt uppløyste stortinget; men odelstinget svarad med aa leggja sak fyre riksretten mot statsministeren, Løve nskjold, fyredi han ikkje hadde raadt kongen fraa dette. Lævenskjold vart dømd til ei pengebot, og kongen gav daa etter og innkallad tinget paa nytt; det var dette stortinget, som vedtok den gilde log um formannskap (1837) og dermed gav kvar by og kvart herad rett til aa styra sine eigne saker ved eit valt heradsstyre. Samstundes synte kongen sin velvilje ved aa utnemna ein nordmann, greiv Wedel, til stathaldar; kongen gjekk ogso inn paa aa godkjenna det norske handelsflagd og aa lata den norske statsminister taka deil i dryftingi av utan1) [Dei svenske stathaldarar var Essen 1814—16, Mærner 1816—18, Sandels 1618—27 og Platen 1827—20.]
Skann 40 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 38». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/40/