SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 26 skann 28

26 ¹ Kristian den fjorde. Han hadde stor umsut fyre Noreg og var her sjølv mange - gonger, eingong drog han heilt til ytste landsgrensa i Finmarki. Landslogi, som var skrivi paa det gamle norske maal, skynad dei ikkje godt lenger; difyre let han henne yversetja og prenta paa dansk (eKristian den fjordes log») Daa Oslo brann, let han borgararne flytja yver paa den vestre sida af Akerselvi og stakk sjølv ut gatorna i den nye byen, som fekk namnet Kristiania . (1624). Han bygde ogsoKristianssand og sette i gang Kongsberg sylvverk og Røros koparverk. Kristian hadde krig tri gonger; fyrst var det Kalmar-ufreden med Sverike; daa var det, at skottarne under Sinclar vart kringsette og nedhogne av gudbrandsdølerne ved Kringom 1612. Dden andre krigen hjelpte han protestantarnei Tyskland (under trettiaarsufreden)t; men ) her gjekk det klent fyre Kristian den fjorde. honom. Hans tridje krig var med Sverike; Kristian var daa ein gamall mann paa 67 aar; men likvel var han med sjøvl; i eit blodigt sjøslag ved Femern miste han høgre augat og fleire tenner. Denne krig vart ogso førd i Noreg; men nordmennerne varde seg godt; for nyst fyrr hadde kongen skipat den norske her og innøvt honom godt til krigsbruk (Kjell Stub). Ufreden fekk den endskapen, at Kristian maatte giva fraa seg til Sverike dei norske landskap Herjedalen og Jamteland; heretter skulde Kjølen vera grensa millom Noreg og Sverike. Kristian døydde1648, og etter honom kom hansson Fredrik den tridje. 1) Sjaa verdenshistorie s. 48.
Skann 28 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 26». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/28/