SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 25 skann 27

Kyrkjeumboti. Kristian den andre. 25 rundt landet, og der vart inkje gjort til aa fremja upplysningi hjaa folk. Prestarne brukad heller ikkje landsens maal, alle religionsbøker var danske liksom prestarne; og det varte lenge, fyrr enn bønderne vande seg til i kyrkja aa skyna det enno framande maal. Under Kristian den tridje byrjad dei fyrste bergverk i Noreg aa verta drivne, og trelasthandelen paa austlandet kom seg storleg upp. I dei sidste tri aar av Kristians styretid fekk Bergen ein dugeleg lensherre i Kristofer Valkendorf; han kugad tyskarne der, so dei aldri fekk atter sitt gamle velde; fraa den tid kom dei norske borgararne i Bergen atter til magt og fekk snart heile den nordlandske fiskehandei si hand. Kristian døydde 1559, og so fylgde hans son Fredrik den andre, Fredrik den andre. Nokre aar etter, at faderen var avl liden, fekk Fredrik ufred med Sverike. Dette var den blodige sjuaars-ufreden. Meste upphavet til den krig var ovundsykja millom kongarne, og at dei danske vilde faa dei tri rike saman atter under den danske konge. Tilsjøs gjekk det jamnan ille med dei danske, endaa dei hadde dugelege førarar; men tillands vann dei yver svenskarne fleire gonger. I Noreg fõr svenskarne myket hardhendt aat, og ved det vart grunnen lagd til det folkehat, som vart sitjande so lenge i hjaa svenskar og nordmenner. Ein svensk her lagde seg i Trondheim og tok Steinviksholm; men daa hovudsmannen i Bergen sende hjelp, vart svenskarne jagede burt. Paa austlandet herjad svenskarne villt; Hamar domkyrkja brende dei, byen Sarpsborg likeins. Akershus ogso vart kringsett av svenskarne, ) og borgararne i Oslo maatte setja eld paa sin by, so fienden j ikkje skulde hava nokot tilhald der. Endeleg kom der fred i stand i 1570; den svenske konge maatte leggja ein sum pen. gar; men elles skulde alt vera som fyre krigen. Fredrik den andre døydde 1588. Fredrikstad, som vart bygt i staden fyre ] Sarpsborg, heve namnet etter denne konge. Kristian den fjorde, son til Fredrik den andre, styrde i $%0 aar og arbeidde heile tidi utrøyttnande fyre sine tvo rike.
Skann 27 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 25». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/27/