SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 24 skann 26

24 ! Noreg kom under Danmark. til aa faa forlik istand paa dei vilkor, at Noreg skulde hava same ret som fyrr. Men fredsvilkori vart ikkje mottekne. Paa ein riksdag i Kjøpenhamn 1536 hadde kongen lovat dei danske adelsmennerne, at Noreg ikkje lenger skulde vera nokot kongerike fyre seg sjølv, men vera under Danmarks kruna som eit dansk landskap. Olav Engelbrektson heldt daa alt fyre tapt, reiste fraa Noreg og døydde snart etter i Holland. Dei festningar i Noreg, som enno ikkje var i Kristians hender, yvergav seg næstan utan kamp. Kristian avlyste daa det * norske riksraad og lagde Noreg under seg og det danske riksraad. Men like vel heldt han ikkje heilt det, som han hadde lovat den danske adel; for Noreg fekk seinare ogso heita kongerike og hava det meste av sine gamle loger. Kyrkjeumboti (reformasjonen) Paa den same riksdag i Kjøpenhamn 1536 vart den lutherske kyrkjeumbot logteki i Danmark. Bisparne vart sett utanfyre riksraadet og miste all verdsleg magt. Kongen tok kyrkjegodset, klostri vart nedlagde, og dei nye lutherske bisparne skulde lyda under kongen. I Danmark var Luthers læra preikad alle stader, og ho hadde ei mengd med vener; difyre vart bodet um kyrkjeumboti motteket med gleda. Men i Noreg gjekk det onnorleids; her var den nye læra litet kjend og endaa mindre vyrd. Kongen nøgde seg fyrst berre med aa avsetja bisparne og taka til seg alt det gods, som laag til bispestolarne; tilmed maatte dei lata aalmugen faa hava sine katolske prestar, til nye lutherske prestar smaatt um senn vart hentade fraa Danmark. Sidan baud kongen, at alt, som kyrkjor og kloster aatte av verde, skulde verta sendt ned til honom. Hans hovudsmenner drog daa umkring i landet og plundrad kyrkjor og kloster so vel, at det lang tid etter vart klagat yver, at kyrkjekjeraldi til gudstenesta var burte. Det var daa ikkje so undarlegt, at bønderne i Noreg ikkje skynad, kor myket betre den nye læra var enn den gamle; aalmugen heldt seg aat sine «munkeprestar», og det hende seg jamt. at dei slo dei nye danske prestarne ihel elder jagede deim burt. Vankunna og yvertru breidde seg ut
Skann 26 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 24». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/26/