SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 18 skann 20

18 Magnus Lagabætar og hans soner. han fenget tilnamnet Lagabøtar elder logbøtaren. Noreg fekk no ei landslog, gjeldande fyre heile riket; fyrr hadde dei havt 4 loger, som galdt fyre kvar sin landsdeil. Til skade fyre Noreg gav han Lybek og andre byar i Nordtyskland (hansebyarne) store serrettar, og fraa denne tid byrjad handelen meir og meir aa koma i henderna paa hansebyarne. Biskoparne fekk ogso store serrettar under denne kongen. Daa han døydde (1280), vart hans tolv aar gamle son Eirik Magnusson konge. Hans formyndarar søkte aa minka biskopsmagti; dei vart difyre bannlyste; men det hjelpte ikkje stort; baade erkebispen og eit par bispar maatte røma ut or landet. Med Danmark byrjad Eirik ufred, og det vart varande yver 20 aar. Mor hans Eirik var ei dansk kongsdotter, og daa hennar arv ikkje vart utgreidd fraa Danmark, var det dette, som volde ufreden. Den norske jarlen Alv Erlingsson herjad under ufreden stygt paa dei danske strender; men han vart fangad og rettad i Danmark. Eirik døydde 1299; under hans bror og ettermann Haakon Magnusson (den eldre) endad ufreden med Danmark. Han styrde med kraft og aukad kongsmagti; baade biskoparne og hansebyarne miste under honom mange av sine serrettar. Haakon hadde ingen son; hans dotter Ingebjørg vart gift med den svenske hertug Eirik av Folkung-ætti og fekk med honom ein son, Magnus, som vart Haakons erving. Kong Haakon døydde i 1319; han var den sidste av Harald Haarfagres ætt paa mannssida. Noreg og Sverike sambundne. Haakons tri aar gamle dotterson Magnus Eirikson ervde Noreg etter sin morfar; paa same tid vart han vald til konge i Sverike, og soleids vart Noreg og Sverike fyre fyrste gong sambundne under 1 same kongen. Baade landi fekk hava si eigi log og styring, og kongen skulde bu like lenge i kvart rike. Daa Magnus var I5 aar, tok han styret sjølv; men hans styring var kraftlaus. I hans dagar kom der ogso yver landet ei fæl ulukka; for i 1349 kom den store mannadauden (svartedauden) til Noreg, og han för drepande yver heile landet; det gjekk
Skann 20 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 18». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/20/