SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 17 skann 19

Haakon Haakonsson. ; 17 systerson Inge Baardson til konge, og daa han ogso døydde, tok dei den trettan aar gamle Haakon Haakonsson, som var son til Haakon Sverreson og vart fødd, fyrst etter faderen døydde. Men no kom der upp mange kongsemne; millom deim var Inge Baardssons halvbror Skule Baardsson den faarlegaste. Paa eit stort riksmøte i Bergen dømde landsens beste menner, at Haakon hadde retten til kongedømet. Haakon gjorde no alt til aa vinna Skule; han gifte seg med dotter hans og gav Skule hertug-namn; men likvel tok Skule kongsnamn og byrjad ufred. I fyrstningi hadde Skule lukka med seg; men kong Haakon vann snart ein siger yver honom i Oslo, og Skule maatte fly nord til Nidaros; her vart han drepen av Haakons menner i Elgesæter kloster (1240). Etter den tid reiste der seg ikkje nokon mot kong Haakon. Nokre aar seinare let han seg med stor høgtid kryna i Bergen av den pavelege sendemann kardinal Vilhelm. Haakons styre var til stort gagn fyre landet; han betrad logerna og bygde kyrkjor, kloster og kongsgardar; i Bergen bygde han den store og herlege kongshall (Haakonshallen) og rundt umkring kongsgarden ein mur med sterke torn (det var upphavet til festningi Bergenhus). I utlandet ogso hadde Haakon godt ord; paven vilde have honom til kjeisar i Tyskland, og den franske kongen vilde hava honom til hovding fyre ei krossferd. I Haakons Tid vart Island og Grønland lagt under Noregs konge!*. Daa Haakon hadde voret konge-innpaa 50 aar, reiste han vestyver havet med ein stor flote imot den skotske kongen, som vilde leggja under seg dei norske øyarne ved Skotland; men stygge stormar får fælt ille med Haakons flote, og i eit slag fall mange av hans beste menner. Han vart vetteren yver ] paa Orknøyarne, og der vart han sjuk og døydde (1263). Magnus Lagabøtar og hans søner. Haakons son Magn us heve serleg vortet namnspurd som loggivar, og difyre heve 1) I Haakons ungdom livde paa Island den megtuge hovding Snorre Sturlason, som skreiv dei norske kongesogor og ei bok, som vert kallad Edda, um skaldekunsti og um den gamle gudetru. Siegwart Petersen: Noregs soga. 2
Skann 19 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 17». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/19/