SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 16 skann 18

16 é sSverre. Med deim gjorde han ei vaagsam ferd til Nidaros; vegen gjekk gjenom store skogar og øydemarker yver Dalarne og Jamteland. Men flokken voks;-dei tok Nidaros, og her vart Sverre korad til konge. Med det var myket vunnet; men det varte lenge endaa, fyrr han fekk nokor magt. Han maatte snart fly fraa Nidaros, og i tvo aar laut so han og hans menner flakka um fraa bygd til bygd under dei største faaror. Ein gong heldt dei reint paa aa skula umkomast i ein snjostorm paa Sognefjellom, ein annan gong kom dei undan sine fiendar berre ved aa draga skipi sine 5 mil yver land fraa Randsfjorden til Mjøsi. Birkebeinarne var mest ringt og udanat folk; men dei vart herdte til dugande og veløvde stridsmenner under motgang og faaror. Endeleg vann Sverre ein siger paa Kalvskinnet i Nidaros, der Erling fall, og 5 aar etter vann Sverre eit sjøslag i Norefjorden i Sogn (1184); der fall Magnus og med honom dei fleste hovdingarne av dei beste ætter i Noreg. - & Sverre. Etter denne sigren lønte Sverre sine menner godt med jordgods og hjelpte deim til rike gifte. Men ufreden varte framleids; nye flokkar reiste seg mot Sverre; men dei vart alle yvervundne, og samstundes hadde han ein lang og hard strid med bisparne og den mynduge erkebisp Eirik. Eirik maatte fara ut or landet, og han fekk paven til aa lysa Sverre i bann; men Sverre vyrde ikkje bannet; derimot tvingad han dei norske bisparne til aa kryna honom i Bergen. Sidan fekk den sløge bisp Nikolaus i Oslo reist ein faarleg flokk mot Sverre; det var baglarne, og med deim maatte Sverre kjempa dei 6 sidste aar av sitt liv; han kom ofte i den verste naud, men sigrad altid like vel. Tilsist hadde han teket den faste borgi til baglarne i Tunsberg og mest heilt fenget yvertaket paa deim, daa han døydde i Bergen (1202). Haakon Haakonsson. Ufreden millom birkebeinar og baglar sluttad, nokre aar etter Sverre døydde. Sverres son og ettermann Haakon Sverreson døydde, daa han hadde styrt landet i tvo aar; ikkje lenge etter tok birkebeinarne Sverres
Skann 18 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 16». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/18/