SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 15 skann 17

Magnus Erlingsson. I5 gift med dotter hans Sigurd Jorsalafar og stridde og styrde fyre sin unge son Magnus Erlingsson, som han fekk teken til konge – imot logi; for Magnus var ikkje kongsson, og det var berre kongssøner, som hadde rett til kongedømet. Erling prøvde aa bøta paa dette ved aa lysa Noreg som Heilag Olavs eigedom; paa den maaten fekk han den megtige erkebisp Øystein og biskoparne paa si sida. Øystein krynte Magnus, og dette var den fyrste gongen, nokon vart krynt i Noreg. Det var fleire, som reiste seg imot Erling; men alle so vart Trondheims domkyrkja. dei yvervundne. Daa kom birkebeinarne upp; dei vart kallade so, avdig dei i fyrstningi var so fatige, at dei maatte binda bjørkenæver umkring føterne i staden fyre skor. Birkebeinarne og kongen deira vart ogso slegne paa Re ved Tunsberg; men leivningarne av birkebeinardokken tok so Sverre Sigurdsson til hovding. Han var fostrad paa Færøyarne, og vart der upplærd til aa vera prest; fyrst daa han var vaksen, fortalde hans mor honom, at han var kongsson, og daa drog han fraa Færøyom og vilde krevja sin fars rike, Birkebeinarne trefte Sverre i Vermeland, og heile flokken hans var i fyrstningi berre sytti mann, og dei var alle i eit reint ynkelegt tilstand.
Skann 17 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 15». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/17/