SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 25 skann 27

4. Læreplan. Del 1. Nynorsk 25 Plan for grunnkurs i fiskerifag er under utprøving. Ved enkelte vidaregåande skolar vil ein enno i dei nærmaste åra drive undervisning etter "Undervisningsplanar for gymnaset etter lov av 12. juni 1964 om realskolar og gymnas". 4.3. Grunnkurs og vidaregåande kurs I alle studieretningar er opplæringa ordna i grunnkurs og vidaregåande kurs. Grunnkursa byggjer direkte på grunnskolen. Dei kan vere 1-årige eller 2-årige. I ein del studieretningar kan det 1-årige grunnkurset vere delt opp i to 1/2-årige kurs. Vidaregåande kurs byggjer på grunnkurs. Dei er i regelen 1-årige, men kan også i enkelte tilfelle vere 2-årige. I ein del studieretningar kan det vere to 1-årige vidaregåande kurs som byggjer på kvarandre (vidaregåande kurs I og II). I dei yrkesfaglege studieretningane gjev dei 1-årige grunnkursa for det meste yrkesopplæring, og berre ein mindre del av undervisningstida blir brukt til allmenne fag. I dei 2-årige grunnkursa i yrkesfaglege studieretningar blir omtrent halvparten av undervisningstida brukt til felles allmenne fag, og den andre halvparten til studieretningsfag (yrkesfag) og valfag. I studieretning for allmenne fag er studiegangen i regelen bygd opp av eit 1-årig grunnkurs og to 1-årige vidaregåande kurs (vidaregåande kurs I og II). Men studiegangen kan også vere ordna som 2-årig grunnkurs og 1- årig vidaregåande kurs, eller 1-årig grunnkurs og 2-årig vidaregåande kurs. Fagkrinsen og innhaldet i opplæringa vil i prinsippet vere dei same på kvart årssteg anten skolen har valt mønsteret 1 + 1 + 1,2+1 eller 1 + 2. I yrkesfaglege studieretningar kan delar av opplæringa vere lagde til arbeidslivet. Elevar som har fullført 2-årig grunnkurs i ei yrkesfagleg studieretning, kan gå over til studieretning for allmenne fag det 3. året. Eleven kan vanskeleg gå over frå ei studieretning for yrkesfag til ei anna eller frå studieretning for allmenne fag til studieretning for yrkesfag utan å tape tid, fordi han har skaffa seg tilleggskunnskapar. 4.4. Deltidskurs og kortare kurs Elevane får tilbod om både grunnkurs og vidaregåande kurs som deltidskurs, avhengig av lokale forhold og ressursar. Desse kursa vil da i regelen gå over dobbelt så lang tid som heiltidskursa. For lærlingar i handverk og industri tilbyr skolane lærlingkurs, som er deltidskurs. Desse dekkjer ein større eller mindre del av fagkrinsen i første rekkje dei teoretiske faga - i dei tilsvarande fullstendige grunnkursa eller dei vidaregåande kursa.
Skann 27 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/27/