SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 76 skann 78

76 Skurdonna. Reiskap bruka før og no. I 2. skuleåret har borna fått sett korleis kornet brydder og gror. No litt om bløming og mogning. Arbeidsøving: Teikna reiskap, .høyvogn, aks av dei ymse kornslaga. På skulen bør ein ha prøver av kornslaga. Tresking, mylne, kvernhus. Mjøl, brød, baking. Arbeidsøving: Teikna eller forma brød, kjevle o. a. Skogen og fjellet. Plantelivet: Gran, fure, bjørk, or, einer, tytebær, blåbær, lyng. Arbeidsøving: Teikna gran, fure, bjørk o. a., kvist og blad. Forma og teikna kongler, bær, sopp. Frå arbeidslivet: Blinking, hogging, køyring, merking og fløyting. Tømxmerkoia. Arbeidsøving: Teikna tømmerkøyring, tømimerkoia. Dyreliv i skog og på fjell: Rev, ikorn, hare, lemen, ulv, bjørn, elg, rådyr, hoggorm, maur, — orrhane, tiur, rype, hakkespett. (Ein tek med berre dei plantar og dyr som er mest vanlege på staden.) Arbeddsøving : Å teikna dyr. Sjøen: Torsk, sei. sild. Måse, tjeld, ærfugl. Krabbe. Blå&kjeler. Frå arbeidslivet: Utrusting til fiske, fiskereiskap (garn, line), olje, proviant til turen. På havet etter fisken, salting, tørking (kleppfisk). Døme på arbeidsøving: Teikning eller modellering av torsk, sild, makrell. Teikning av måse, tjeld, ærfugl. Teikning av fiskarskøyte (motorskøyte), dampskip, fiskereiskap. (I sjødistrikta søkjer ein å få med det meste av dette som er nemnt her.) Vinteren. Jul: Dei siste par vekene føre jul tek ein som i 1. og 2. skuleåret emne som står i samband med jula. Snø — ski og skeiser. Arbeidsøving: Teikna snømann, skiløyparar og skeiserennarar. Mørker. — Ljos, lamper, oljelamper og eleki riske lamper. Kulde — oppverming: Peis (grue), omnar. Brensel: ved, torv, kol, koks.
Skann 78 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 76». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/78/