SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 74 skann 76

74 2. skuleåret Heimstaden. Naturen med dyre- og planteliv. Arbeidslivet. Dei emna som høver og fangar interessa, vert tekne med. Barnet skal no få grundigare kjennskap til dei emna ein vél. Det skal gjennom åtgåing læra å fylgja livet på staden. Arbeidsøving som i 1. skuleåret. Ein vél det materialet som høver best til å laga dei ting av som ein held på med. Av di dyre- og planteliv og mykje av arbeidslivet har samanheng med årstidene, kan ein her få inndelinga: hausten, vinteren, våren. Hausten: Ein held fram med åtgåing av plante- og voksterliv i nærleiken av skulen. Hageblomar eller viltveksande blomar, fargar. Litt om dei insekt som vitjar blomane. Åmer vert tekne inn — borna får gjeva dei mat, og dei fylgjer utviklinga til puppe og sidan til ferdig insekt. Døme på arbeidsøving: Teikning, klipping i kulørt papir. Frukttre, bærbuskar, eple, pærer, grønsaker. Døme på arbeidsøving: Teikning, forming, klipping. Frukt, frø, frøspreiing. I denne klassa 6g set ein laukar i blomsterpotter for driving i vindaugo seinare. Lauken — noko om opplagsnæring. Lauvfall. Korleis trea gjer seg i stand til vinteren. Husdyr: Ku, geit, mjølk, smør, ost, sæter. Sau, ull, klede, spinning, veving, bomull, lin. Hest, gris. Døme på arbeidsøving: Borna teiknar ku, sau, geit, hest, gris, sæter. Borna kan 6g lima inn bilete av dyra i arbeidsbøkene og skriva små stilar om dei. Desse stilane tek ein i norsktimane. Vinteren. Jul: Førebuing til jul. Juleinnkjøp. Krambu. Der ein bur i nærleiken av byen, kan ein og ta emnet: I byen føre jul. Ferdsla på gater og på vegar. Frukt på julebordet. Døme på arbeidsøving: Laga krambu og anna. Leika krambu. Teikna varelass, lass med juletre, juletre, nissar, julekort. Skriva julehelsingar. Laga juletrepynt. Nyår. År, årstider, tid: Månader, dagar, almanakk, klokke.
Skann 76 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 74». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/76/