SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 43 skann 45

43 i Ein tek her med litt om den norske kyrkja i mellomalderen og den religiøse diktinga i den tid, og etter det held ein fram med: 3. Pietismen. August Herman Francke. 4. Pietismen i Noreg og Danmark (konfirmasjonen, almugeskular. Hans Adolf Brorson). 5. Hans Nielsen Hauge. 6. Grundtvig (ein syng eit par av salmane hans). 7. Misjonen og det kristeleg sosiale arbeidet. Litt om: a. Den norske kyrkjesamskipnaden og kyrkjeleg arbeid i kyrkjelydane. b. Kristeleg sosialt samarbeid. Sjømannsmisjonen. Verdsmisjonen. Arbeid for kyrkjeleg einskap og fred mellom folka. Fagert er landet (N. 615, v. 1 og 5. L. 795, v. 1 og 5). Din frelsar ser på deg (N. 540, v. I—3. L. 679). No kverv den glade (N. 542. L. 683). 11. Luthers litle katekisme. 1 Alle katekismetekster skal vera gjennomgått og lærde utanåt på eit tidlegare klassesteg. I dette skuleåret repeterer ein dei i samanheng og går igjennom Luthers uttydingar etter ei lærebok. 1. bodet: Herre, du ransakar alle ting og kjenner meg. Herre, du veit det alt saman (Sl. 139, 1). Gud er ikkje langt borte frå nokon av oss (Apgj. 17, 27). Aldri har nokon sett Gud, men Sonen har gjort honom kjend (Johs. 1, 18). Kasta all dykkar sut på honom, for han har omsut for dykk (1. Pet. 5, 7). Lova Herren I Han er nær (L. 14. N. 14). Sørg, o kjære Fader, du (L. 561, v. 1). Høgt frå den himmelske klåre (N. 694, L. 859). Denne bolken tek ein etter Luther i kyrkjesoga.
Skann 45 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/45/