SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 38 skann 40

38 6. Profetane Esaias og Jeremias (førebels berre heilt stutt, vert gjennomgått seinare, sjå hovudbolk II). 7. Juda rike går til grunns. Bortføringa til Babylon (2. Kong. 25). J B. Den jødiske tida. Bok* og lovreligionen si tid. 8. Jødane i Babylon (stutt). 9. Profetane Esekiel og «Den andre Esaias» (i stutte drag, vert gjennomgått seinare, sjå hovudbolk II). 10. Heimkoma til Jødeland, dei byggjer opp att templet (Esras 1 og 3; Neh. 4—6). 11. Jødane under framandåket (stutt). 12. Jødane vert spreidde rundt om i verda (stutt). 13. Litt om: Gudsteneste, synagoger, religiøse parti, skriftlærde, dei fromme eller «dei stille i landet». Ein kan lesa einskilde gamaltestamentlege salmar, t. d. 23, 121, 139, I—l2. 11. Store gamaltestamentlege profetar. 1 14. I den israelittiske tida: Amos og Hoseas (i nordriket), Esaias og Jeremias (i sør-riket). 15. I den jødiske tida: Esekiel og «Den andre Esaias» (i Babylon). Når ein skildrar det urolege livet og den tragiske livslagnaden til desse store profetane, legg ein (men berre i den vidd det kan høva for born på dette steget i framvoksteren) vekt på tankane deira om Jahve (gudsførestellinga deira) og på moralforkynning: Jahve er ikkje berre gud for israelittane, men han er gud og styrar for alle nasjonar og folkeslag, og moralkrava hans går i ein sum ut på at alle menneske utan omsyn til stand, nasjon og folkerase skal vera gode og rettvise mot kvarandre. Bibelord, katekismetekster og salmevers. 1. Det 5. bodet og det 1. bodet. 10. Herre, eg inderleg ynskjer (N. 171, v. 1. L. 210, v. 1). 1 Læraren kan, som det er nemnt framanfor i planen, gå igjennom stoffet i ein annan orden enn det er sett opp her, t. d. såleis at ein handsamar desse profetane berre ein gong og ikkje på 2 ymse stader såleis som det er føre- setnaden her. Tykkjer ein det vert for tungt med dette gamaltestamentlege stoffet på dette klassesteget, kan ein bruka mindre tid til dette stoffet og meir tid til å handsama det nytestamentlege stoff som er oppsett i planen. Sml 11, p. 7 og 111, p. 1.
Skann 40 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 38». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/40/