SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 187 skann 189

187 laga ei lommeduksøskje, så lat elevane måla ein samanlagd lommeduk og ut frå desse måla planleggja storleiken på øskja. 3. Permar av ymse slag til heime- eller skulearbeidet åt elevane: permar på arbeidsbøker, samlepermar med bendelband i ymis storleik etter som det høver for skulesakene. 4. Mapper av ymse slag, utan lomme, med lomme; utan klaff, med klaff. Pennskål, pennal. 5. Skriveunderlag med hyrnelappar og sogpapir. Ting som elevane sjølve har laga med tanke på å bruka straks, må dei og få med seg straks. Omsynet til eksamensutstellinga har her mindre å seia. Pryd. Utsjånaden på papparbeidet rettar seg mykje etter om papiret vi kler det med, er vent. Til å øya opp fargekjensla har det mykje å seia at det papiret elevane nyttar på tinga dei har arbeidt, er vellikande og vent på let. Difor skal ein vera omhugsam når ein vél papir. Når det vert laga klisterpapir (klistermarmor-papir), kjem elevane i nært samband med fargar og det skiftande sermerket deira når dei vert blanda. Ein må difor råda til å driva med denne papirlaginga så framt det er tid til det. Annan prydnad på papparbeida kan ein få til med ymsefarga glanspapir, med å klistra på klipte mønster av papir som høver godt med botnfargen. Som bindemiddel til papparbeid kan ein t. d. bruka kveitemjølklister, dekstrin og arahin. Dei to siste er greie og lette å røra ut. Til fargeframstelling er arabin bra. Arbeidsoppgåver. I staden for å setja opp døme på høvelege arbeid for kvart skuleår skipar ein arbeida i grupper med jamn stiging fram til meir krevjande oppgåver både i anlegg og i arbeiding. Gruppene I, II og 111 gjev høveleg arbeidsstoff for fyrste og delvis andre sløydåret, gruppe IV for andre og tredje og gruppe V for fjerde året. 1 I dei to siste skuleåra bør elevane få noko øving i å rekna ut kva arbeida kostar. 4.-7. skuleåret. 1
Skann 189 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 187». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/189/