SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 37 skann 41

37 Arbeidsøvingane skal ikkje taka laug tid, men nøgje fylgja åtgåingi, so ho vert betre og tydelegare. Døme på arbeidsøvingar: Som i 1. døme. Attåt kjem: Forming og teikning av båt og båtreidnad. Fuglar, fiskar, andre sjødyr, reir, egg vert forma og teikna. I sandkasse og på papir fær borni laga einfelde grunnrit av skuleromet, skulebygningi, og skulebygningi med tun og hage. 3. skuleåret. Heimstaden vert utvida til grendi, hygdi, landsluten. Einskilde typiske dyr, plantar og verksemder frå andre luter av landet. Bygd og by. Tilhøve som er sermerkie for bygd og by. Varor, kjøp og sal. Einskilde handverk. Fabrikkar. Kartrit i sandkasse og på papir. Kart. Døme på nærare utforma plan for 3. skuleåret. Skulebygningi. Grunnmur. Bygning. Byggjevyrke og byggjearbeid. Tun med skulehus og hage. Døme på arbeidsøvingar: Dei mæler ut murstein. formar dei etter mindre mål og teiknar dei. Dei teiknar hus. Dei mæler ut skulebygningi og skulegarden, teiknar grunnrit i mindre mælestav, i sandkasse og på papir. 2. Soli. Kvar ho «går» på himmelen. Nord, sud, aust, vest. Orientering. 3. Ferd til ei høgd, der ein fær utsyn over grendi. Dei geografiske umgrepi på staden, t. d. høgd, fjell, dal, slette o. s. b., bekk, elv, fjord, bukt o. s. b. Ringlaupet åt vatnet. Dei formar kartrit i sandkassa. So teiknar dei det fyrst einfelt, sidan som ei vanleg kartskisse. Dei teiknar kartrit med høgdelinor og ymse høgdefargar. 4. Ein gard nær skulen med bygningar, tun, gjorde, vegar, bakkar o. s. b. Dei formar og teiknar kartrit. .5, Næraste dalføre med vassdrag (foss), innsjø, fjordarm o. s. b. Dei teiknar og formar kartrit. 6. Byen. Utferd til næraste byen — eller bilete av ein by. Gator, torg. Større bygningar: Skular, kyrkjor, museum, posthus o. s. b. Vassleidning. Brandstell. Politi. Jarnveg. Post. Telegraf. Ein verkstad. Ein
Skann 41 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 37». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/41/