SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 35 skann 39

35 Med leir, papir, blyant og fargar lagar ein som i 1. skuleåret det som best høver til å få fram i dei ymse slag emne. Arbeidsøvingane skal ikkje taka lang tid, men nøgje fylgja åtgåingi, so ho vert betre og tydelegare. Døme på arbeidsøvingar: Dei teiknar og fargelegg plantar, tre, blad, blomar, frukter. Dei formar frukter, grønsaker o. a. Egg, ost, brød o. a. vert forma og teikna. Teikna fivreld. Fuglar og reir vert forma og teikna. Dei klypper talskiva i kartong og teiknar ho. I sandkasse og på papir fær borni laga einfelde grunnrit av skuleromet, skulebygningi, og skulebygning! med tun og hage. 2. døme. Skogen. 1. Tre. Gran, fure, bjørk o. a. Rot, stomn, bork, greiner, kvister, blad, blomar, frukt, frø. Næring, brydding, vokster. Til brydding: Erter, baunor, korn i blomepottor, frø i jordstykke. Ymse slag jord: Mold, sand, leir o. s. b. Stein. Skoggrunnen: Mose, lyng o. s. b. Lauvfall, Blom, Bær. Sopp. Bekk, uppkome, dam, tjørn. 2. Dyr. Større og mindre dyr, typiske for skogen. (Spendyr, fuglar, insekt o. s, b.). Korleis dei ser ut, lever, bur. (Døme: Fuglereir, humlebol o. s. b.). 3. Arbeid. Timber, hogging, køyring, fløyting. Snøkøyring. Vegbrøyting. Reidskapar. 4. Gard på landet. Innhus, Uthus. Tun. Her litt um jordarbeidet vår og haust som i døme 1. Husdyr. Klæde, ull, spinning, veving. Mat. Brød, baking. Mjølk, smør, ost. Potetor. Kaffi, te o. a. Brennefang, ymse slag, omnar. Lyse: Talg, ljos, petroleum, gass, elektrisk ljos. Talg, ljos, petroleum, gass, elektrisk ljos. 5. Samferdlegogner. Slede, vogn (båt, skip, eimskip), vegar, jarnvegar. Åtgåingane held fram på dei ymse tider av året. Almanakken vert før. Attåt kjem nr og tidinndeling, dag, natt, vike, månad, år. Høgtider. Sol, måne, stjernor. Luft, vind. Skyer, skodde, regn, snø. Ringlaupet åt vatnet.
Skann 39 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 35». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/39/