SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 7 skann 11

2. UNDERVISNINGSPLANAR. KRISTENDOMSKUNNSKAP. MÅL. Stød kjennskap: 1. til hovudinnhaldet i bibelsoga, 2. til dei viktigaste hende or kyrkjesoga, 3. til den kristlege barnelærdomen etter den evangeliskluterske vedkjenningi. PLAN. 1. skuleåret. 1. Nokre av dei lettaste forteljingane i det nye testamentet — til grunnlag for undervisningi. Vers, t. d. Lover Herren, vers 1 og 2, Kjære Gud, jeg har det godt, o. 1. — Fadervår. — Stutte morgon-, kvelds- og bordbøner. 2, Utvalde lette forteljingar frå Jesu liv og um gudelege menneske frå det gamle testamentet. Til forteljingane knyter ein små songar og salmevers. Døme: Jesus velsignar småborni — Gud som hev oss småborn kjær; Jesu fødsel, joli — Eg er so glad kvar jolekveld, Her kjem me dine arme små, Kling no klokka, o. s. b. — Einskilde drag or Josef-soga. Nokre av dei lettaste forteljingane um Jesu undergjerningar. Påske, L. 352, 1. 2. skuleåret. Utvalde forteljingar frå det nye og det gamle testamentet. I samband med forteljingane:
Skann 11 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/11/