SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013) SAF1-03#kompetansemaal-KMS942 skann 9

Kompetansemål Kompetansemål etter Vg1/ Vg2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Utforskaren - formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar - utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep - bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene - bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling - drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg Individ, samfunn og kultur - definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje og diskutere trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg - gjere greie for rettane ein har som forbrukar, og diskutere forbrukarens etiske ansvar - rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi - analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettsstaten fungerer - definere omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid - beskrive trekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk - diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar - drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette Arbeids- og næringsliv - finne informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag - reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø - gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar ho kan reduserast på - diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet - gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønns- og arbeidsvilkår - vurdere moglegheiter for og utfordringar ved å etablere ei bedrift og trekkje ut hovudlinene i ein resultat- og balanserekneskap - drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad Politikk og demokrati - utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad - gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, mellom anna representasjon frå urfolk og minoritetar - diskutere korleis makt og innverknad kan variere på grunnlag av etnisitet og sosioøkonomiske forhold - diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar - gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet - analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg - gjere greie for sentrale kjenneteikn ved den økonomiske politikken i Noreg - diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor - diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei Internasjonale forhold - definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet - definere omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering - gjere greie for EUs mål og styringsorgan og diskutere Noregs forhold til EU - finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere - gjere greie for ulike forklaringar på kvifor det finst fattige og rike land, og diskutere tiltak for å redusere fattigdommen i verda - diskutere kjenneteikn på og årsaker til terrorisme

PDF-side 9 hos Udir

Funn på siden 13

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013), SAF1-03#kompetansemaal-KMS942». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-03/s/9/