SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013) SAF1-03#kompetansemaal-KMS941 skann 8

Kompetansemål Kompetansemål etter 10. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Utforskaren - formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg - bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre - bruke statistiske kjelder til å berekne og beskrive tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdere om statistikken gjev påliteleg informasjon - vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning - reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene - identifisere samfunnsfaglege argument, fakta og påstandar i samfunnsdebattar og diskusjonar på Internett, vurdere dei kritisk og vurdere rettar og konsekvensar når ein offentleggjer noko på Internett - skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar - skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar Historie - finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis - drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv - presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå midt på 1800-talet til i dag og konsekvensar av fornorskingspolitikken og samanes kamp for rettane sine - presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag - gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag - gjere greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen - gjere greie for idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og beskrive følgjer dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg - gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering - drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet - drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar Geografi - lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar - lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart, målestokk og kartteikn - gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn - utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet - undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling - undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt - samanlikne storleik, struktur og vekst i befolkningar og analysere befolkningsutvikling, urbanisering og flytting i nyare tid - kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling Samfunnskunnskap - gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette til aktuelle samfunnsspørsmål og argumentere for eige syn - gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land - gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen - gjere greie for hovudprinsippa i FN-pakta, FNs menneskerettserklæring og sentrale FN-konvensjonar, mellom anna ILO-konvensjonen om urfolks rettar, vise korleis dei kjem til syne i lovgjeving, og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar - gje døme på korleis oppfatningar om forholdet mellom kjærleik og seksualitet kan variere i og mellom kulturar - analysere kjønnsroller i skildringar av seksualitet og forklare skilnaden på ønskt seksuell kontakt og seksuelle overgrep - gje døme på korleis eit lovbrot er behandla, diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet og forklare korleis rettsstaten fungerer - gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme - gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn - beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg, og gjere greie for rettane til forbrukarane - beskrive utvikling og konsekvensar av tobakks- og rusmiddelbruk i Noreg og diskutere haldningar til rusmiddel - beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis han heng saman med den globale økonomien

PDF-side 8 hos Udir

Funn på siden 16

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013), SAF1-03#kompetansemaal-KMS941». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-03/s/8/