SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013) SAF1-03#kompetansemaal-KMS940 skann 7

Kompetansemål Kompetansemål etter 7. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Utforskaren - formulere eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking - diskutere samfunnsfaglege tema med respekt for andre sitt syn, bruke relevante fagomgrep og skilje mellom meiningar og fakta - lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt - plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart - gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram - finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk - bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett - skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder Historie - fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden - gjere greie for korleis dei nordiske statane og Russland trekte grensene på Nordkalotten mellom seg fram til første halvdelen av 1800-talet, og korleis dette påverka kulturen og levekåra til samane og forholdet samane hadde til statane - gjere greie for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved rettane, historia og levekåra til dei nasjonale minoritetane - beskrive utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg - plassere tidlege elvekulturar på kart og tidsline og presentere sentrale trekk ved dei - finne informasjon om greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eiga tid - gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga - framstille oppdagingsreiser europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dette kunne opplevast Geografi - bruke atlas, hente ut informasjon frå papirbaserte temakart og digitale karttenester og plassere nabokommunane, fylka i Noreg, dei tradisjonelle samiske områda og dei største landa i verda på kart - registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet - forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis - samanlikne likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar - gjere greie for klima- og vegetasjonssoner i verda og korleis menneske gjer seg nytte av dei - beskrive korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast - beskrive korleis Noreg brukar ressursar frå andre stader i verda - registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning Samfunnskunnskap - gje døme på og diskutere korleis kommersiell påverknad frå ulike medium kan verke inn på forbruksvanar og personleg økonomi - samtale om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering og samliv og familie og diskutere konsekvensar av manglande respekt for ulikskap - beskrive roller i eigen kvardag og undersøkje og samtale om forventningar som knyter seg til desse rollene - gje døme på korleis kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i ulike medium og diskutere dei ulike forventningane det kan skape - drøfte spørsmål omkring og konsekvensar av bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel - gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn - gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati - gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg - gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad - gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur - gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag - presentere ein aktuell samfunnskonflikt og drøfte forslag til løysing - diskutere formålet med FN og anna internasjonalt samarbeid, også urfolkssamarbeid, og gje døme på den rolla Noreg har i samarbeidet

PDF-side 7 hos Udir

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013), SAF1-03#kompetansemaal-KMS940». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-03/s/7/