SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013) SAF1-03#kompetansemaal-KMS939 skann 6

Kompetansemål Kompetansemål etter 4. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Utforskaren - formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei - finne og presentere informasjon om samfunnsfaglege tema frå tilrettelagde kjelder, også digitale, og vurdere om informasjonen er nyttig og påliteleg - bruke grunnleggjande nettvett i digital samhandling og ha kunnskap om reglar for personvern i digitale medium - bruke metodar for oppteljing og klassifisering i enkle samfunnsfaglege undersøkingar og presentere enkle uttrykk for mengd og storleik i diagram og tabellar - skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep - skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår - gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og menneskeverd Historie - bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin - samtale om korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar og fantasere om dei første menneska som kom til landet etter istida - beskrive sentrale trekk ved samisk kultur og levemåte fram til kristninga av samane - beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen og gjere greie for korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden - samtale om kvifor og korleis ein feirar 17. mai og 6. februar, og fortelje om nasjonaldagane i nokre andre land - finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg - kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke Geografi - plassere heimstaden, heimkommunen og heimfylket på kart - setje namn på og plassere landa i Norden, verdshava og verdsdelane og finne geografiske nemningar på kart - beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim - fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land - samtale om stader, folk og språk og planleggje og presentere ei reise - peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader - samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land Samfunnskunnskap - samtale om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i familien - gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i kvardagen, og samtale om korleis forventningane kan opplevast - undersøkje pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk - samtale om tema knytte til seksualitet, grensesetjing, vald og respekt - lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske, og forklare konsekvensar ved å bryte normene - utforme og praktisere reglar for samspel med andre og delta i demokratiske avgjersler i skolesamfunnet - drøfte oppfatningar av rettferd og likeverd

PDF-side 6 hos Udir

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-03 (2013), SAF1-03#kompetansemaal-KMS939». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-03/s/6/