SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-01 (2006) SAF1-01#kompetansemaal-KMS236 skann 9

Kompetansemål Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Individ og samfunn - definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg - forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid - rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi - drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar - gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer - gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot - bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis kriminalitet kan førebyggjast Arbeids- og næringsliv - definere omgrepet levestandard, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet - bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag - reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø - gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på - diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet - gjere greie for organisasjonane sin plass i arbeidslivet og drøfte faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår - vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift - trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapet til bedrifter med manuelle og digitale verktøy Politikk og demokrati - gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet og diskutere kva som kan truge demokratiet - diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar - gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar - identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader - gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk - forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor Kultur - definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid - presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk - beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn - forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast - gje døme på korleis religion påverkar samfunn og kultur Internasjonale forhold - definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet - forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering - gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør - gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk - gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU - bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten - gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda - gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme - diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling

PDF-side 9 hos Udir

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-01 (2006), SAF1-01#kompetansemaal-KMS236». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-01/s/9/