SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-01 (2006) SAF1-01#kompetansemaal-KMS133 skann 6

Kompetansemål Etter 4. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Historie - bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin - presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy - skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no - utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida - fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg - kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke - gje att mytar, segner og eventyr med historisk innhald - beskrive korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar, ved å fantasere rundt dei første menneska som kom til landet vårt etter istida - fortelje om samane, urfolket i Noreg, og om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane fram til vikingtida - fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen - forklare kvifor ein feirar 17. mai og 6. februar og fortelje om nasjonaldagane til andre land Geografi - setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar - beskrive landskapsformer og geografiske nemningar ved å utforske landskapet nær skulen og heimen - bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg - samle opplysningar frå globus, kart og digitale kjelder og bruke dei til å samtale om stader, folk og språk - peike ut verdshav og verdsdelar og bruke sentrale geografiske omgrep - peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader - samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land - planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett Samfunnskunnskap - gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere resultata av undersøkingane - finne fram i trykte og digitale medium, sortere innhaldet i kategoriar og produsere materiale som kan publiserast - følgje enkle reglar for personvern når ein bruker Internett - samtale om oppgåvene til familien og om variasjonar i familieformer, inkludert åleineforsørgjarfamiliar, storfamiliar, familiar der dei føresette har same kjønn, og familiar med fleire sett føresette - gje døme på ulike forventningar til gutar og jenter og drøfte korleis forventningane kan opplevast - beskrive pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk - lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske og samtale om konsekvensar ved å bryte normene - utforme og praktisere reglar for samspel med andre og vere med og ta demokratiske avgjersler i skulesamfunnet - samtale om toleranse og om korleis møte mellom ulike kulturar kan vere både gjevande og konfliktfylte - drøfte oppfatningar av rettferd

PDF-side 6 hos Udir

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-01 (2006), SAF1-01#kompetansemaal-KMS133». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-01/s/6/