SKARD English

Geografi LK06 · GEO1-01 (2006) GEO1-01#kompetansemaal-KMS204 skann 6

Kompetansemål Etter Vg1/Vg2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Geografiske kjelder og verktøy - lese og bruke kart i ulik målestokk og gjere enkel kartanalyse - bruke digitale kart og geografiske informasjonssystem (GIS) - gjere observasjonar og registreringar av geografiske tema på ekskursjon eller feltarbeid og bruke dei til å sjå natur og samfunn i samanheng - finne fram til og presentere geografisk informasjon ved å lese og vurdere tekst, bilete og statistiske framstillingar frå digitale og andre kjelder - gje oversikt over geografiske hovudtrekk, som elvar, innsjøar, fjell, byar og land nasjonalt og globalt Landskap og klima - gjere greie for korleis jorda er oppbygd, hovudtypane av bergartar og korleis dei blir danna - forklare korleis indre og ytre krefter formar landskap, og kjenne att typiske landformer i Noreg - beskrive naturlandskap og forskjellige kulturlandskap og forklare samanhengar og skilnader mellom dei - diskutere estetiske og økonomiske verdiar i landskap - gjere greie for globale hav- og luftstraumar og forklare kva dei har å seie for klimaet - gjere greie for forhold som bestemmer vêr- og klimatilhøva i Noreg - drøfte årsakene til naturkatastrofar i verda og kva for verknader dei har på samfunn som blir ramma Ressursar og næringsverksemd - gjere greie for ressursomgrepet og diskutere kva som vert lagt i omgrepet berekraftig ressursutnytting - gje døme på og samanlikne ulike former for arealbruk i Noreg - drøfte miljøkonsekvensar i norske og samiske samfunn av bruk og inngrep i naturområde - gje døme på korleis ein har utnytta ressursane i Noreg og drøfte korleis endringar i næringsstrukturen har påverka lokalisering og busetnadsmønster - gje døme på lokaliseringsfaktorar som er viktige for global økonomisk verksemd og internasjonal arbeidsdeling, og vurdere kva dette har å seie i dag Demografi og utvikling - gjere greie for den demografiske utviklinga i Noreg med hovudvekt på situasjonen i dag - forklare årsakene til flyttestraumar i land og mellom land og drøfte verknadene - gje døme på teoriar om befolkningsutvikling og drøfte globale befolkningsforhold - gjere greie for globale skilnader i fordeling og levekår, forklare moglege årsaker til dei og drøfte korleis ein kan jamne ut skilnader mellom land

PDF-side 6 hos Udir

Siter

Læreplanatlas. «Geografi LK06 · GEO1-01 (2006), GEO1-01#kompetansemaal-KMS204». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-geografi-geo1-01/s/6/