SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 112 skann 116

S) som departementet fastset. Alt etter storleiken på skolen kan dei vere tilsette i heil eller delt post. Skolerådgjevaren høyrer til lærarkollegiet og står på vanleg måte under skoleleiinga. 2. Yrkesorienterande undervisning. Ved kvar skole skal det vere ein tilsynslærar for yrkesorienteringa. Det bør til vanleg vere skolerådgjevaren (ein av skolerådgjevarane). Tilsynslæraren for yrkesorientering skal i samråd med skolestyraren: a) sørgje for at skolen til kvar tid har dei læremidla, det opplysningsstoffet og dei hjelpemidla elles som er nødvendige for å drive ei effektiv yrkesorientering; b) hjelpe dei lærarane som underviser i teoretisk yrkesorientering, med metodiske råd og med rettleiing når det gjeld å leggje opp undervisningsprogrammet; c) sørgje for ei høveleg samordning mellom den teoretiske og praktiske yrkesorienteringa ved skolen; d) vere kontaktmann for skolen overfor arbeidsformidlinga og andre institusjonar o. 1. som hjelper til å gjennomføre yrkesorienteringa. Det er to slag yrkesorienterande undervisning, teoretisk yrkesorientering og praktisk yrkesorientering. Den teoretiske yrkesorienteringa skal til vanleg norsklæraren i klassen gje i norsktimane. (Ved skolar der det er ønskjeleg, kan yrkesorienteringa delvis leggjast til samfunnskunnskap.) Skolerådgjevaren og yrkesrettleiaren åt arbeidsformidlinga skal hjelpe til så langt det trengst for å gje spesialorienteringar, svare på spørsmål osv. Også andre kan inviterast for å orientere elevane. Lærestoffet i yrkesorientering skal så langt råd er integrerast i pensum i norsk og eventuelt samfunnskunnskap. Også når det gjeld skriftlege oppgåver, skal dette lærestoffet utnyttast på same måte som anna stoff i faget. Det yrkesorienterande innslaget i undervisninga kan ha eit omfang som maksimum svarar til 10 timar i 7., 30 timar i 8. og 20 timar i 9. klasse. Den praktiske yrkesorienteringa skal så langt råd er ordnast ved utplassering i arbeidslivet. Utplasseringa blir gjord i samarbeid med arbeidsformidlinga og arbeidstilsynet, etter dei reglane som gjeld til kvar tid. 112
Skann 116 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/116/