SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 97 skann 101

97 kunnskap om familien og innsyn i den funksjon som heimen har i det store samfunnet, som økonomisk eining, som arbeidsplass og som samfunnsinstitusjon. Skolen kan og hjelpe til å førebu born og ungdom for dei mange praktiske oppgåver og gjeremål i heimen. Det er elles ei viktig oppgåve for skolen, saman med foreldra, å lære dei unge å forstå det moralske grunnlaget for heimen og pliktene til dei einskilde familiemedlemene, og hjelpe til å fremje vørdnad mellom familiemedlemer og vilje til samarbeid. Etter kvart som arbeidstida er blitt stuttare, er det blitt eit problem for mange korleis dei best kan nytte fritida. Utnyttinga av fritida er blitt eit sosialt problem. Skolen må her vere med å vise veg til verdfulle fritidssyslar og stimulere til positive fritidsinteresser og vanar. Høve til dette byd seg fram i dei fleste fag i skolen. I litteratur- og musikkundervisninga t. d. er eit viktig siktemål å utvikle sans for god litteratur og musikk og den glede kunsten kan gje. Å stimulere interessa og fremje gode fritidsvanar er elles framfor alt eit føremål for dei fritidstiltak mellom elevane som bør vere ein fast og integrerande del av skolens program. Ein skole for alle kan ikkje setje opp absolutte, generelle mål for kunnskapar og tame. Skolen skal gje vokstervilkår for evnene, kjenslene og karakteren hos dei unge, for den menneskelege livsdugleik i vidaste meining. Skolen tek sikte på heile personlegdomen. Undervisning og oppseding. Tilfanget i undervisningsplanane for forsøk med 9-årig skole er som i tidlegare planar bytt på ulike fag. Nytt tilfang er komi til, særleg gjeld dette heimkunnskap, forming, musikk, yrkesorienterande fag, tiltak i skolesamfunnet, rådgjeving og yrkesorientering. Gammalt tilfang er omskipa, og nye metodiske vegar er utstaka. Eit hovudvilkår for at den 9-årige skolen skal kunne førast fram etter planane, er skolebygg med føremålstenleg innreiing og utstyr. Skolebygningen skal stette dei fagleg-pedagogiske krav som er sette; han skal vere ein dagleg arbeidsstad som gjev vilkår for tenlege arbeidsformer; han skal vere veksestaden for born og ungdom; han skal vere eit instrument til innviing i samarbeid og demokratisk samfunnsliv, i allmennkultur for nye ætter av menneske. Kvar ungdomsskole vil trenge eit pedagogisk tenestesentrum for læremiddel og utstyr. Biblioteket, sjølve hjarta i skolen, vil her ha krav
Skann 101 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 97». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/101/