FORORD
Det framlegg til læreplan som her ligg føre, gjeld forsøk med
9-årig skole. Planen byggjer på dei timebyte for forsøk med 9-årig
skole som var med i Melding om forsøk i skolen for 1956/57 og som
vart kunngjorde i «Norsk skole. Opplysnings- og kunngjøringsblad
for skoleverket», nr. 5 1958, s. 74 og s. 84 —91.
Einskildplanane er blitt til i samarbeid med sakkunnige på ulike
fagområde med skolerøynsle frå arbeid med elevar på dei alderssteg
det her gjeld. Utkast har vori drøfte med om lag 70 leiarar og lærarar
frå folkeskolen, framhaldsskolen og den høgre skolen ved kurs om
forsøk i skolen på Romerike folkehøgskole, Jessheim, i tida 7. —17. juli
1958. Reviderte utkast og nye utkast var hausten 1958 framme i møte
med fagfolk og målsmenn frå lærarsamskipnader som på førehand
hadde sagt seg interesserte i å vere med og drøfte planutkasta. Framlegg
til planar for forsøk med 9-årig skole vart så tekne opp med om
lag 80 leiarar og lærarar frå dei forsøksordna linedelte ungdomsskolane
på Romerike folkehøgskole i tida 29. juni—5. juli 1959. Elles har ei
rekkje skolefolk vori rådspurde om planutkasta. Forsøksrådet har
arbeidt med spørsmålet om læreplanar for 9-årig skole i 1955, 1956,
T 957» og planutkasta har vori drøfte på møte i rådet i 1958 og 1959.
Planane som dei no ligg føre, er opplegg frå Forsøksrådet til
arbeidsgrunnlag for forsøksordna skolar og for lærebokskrivarar. For
einskilde fag femner dei om både barneskolen og ungdomsskolen, for
andre om berre ungdomsskolen, medan det for 1. —6. eller 1. —5. klasse
blir vist til gjeldande Normalplan for lands- og by-folkeskolen (for
engelskfaget til «Barne- og ungdomsskolen for alle tar form», nr. 2 i
serien Forsøk og reform i skolen). På ungdomsskolesteget er det for
fleire einskildfag eller faggrupper utarbeidt alternative planar, som det
er gjort nærare greie for i sjølve planframlegga. Det melder seg eit
kompetansespørsmål i samband med kvart alternativ.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/9/