SKARD English

Landsgymnaset 1916 s. 15 skann 19

15 Handarbeid. Aa kunna laga ein vanleg bruksting av uvandt skap, eller øving i dei vanlege kvendelege handarbeid. Ei prøva paa eit sovore arbeid maa leggjast fram med vitnemaal um at eleven hev gjort det sjølv. § 8. Upptakingsprøva til Iste klassa vert skipa soleis at ein fyrst held skriftleg prøva i norsk (diktat og ein lett stil) og i rekning tvo dagar etter kvarandre. Til den norske stilen og til uppgaavorne i rekning skal elevarne kunna bruka upptil 4 timar. Dei som ikkje greider minst Tf. i kvart av desse fagi, kann ikkje takast upp. Etterpaa held ein munnleg prøva i kvart av fagi norsk, historia, landkunna, naturkunna og rekning og like eins prøva i skriving og teikning. Til denne prøva maa ein bruka minst 2 og helst ikkje yver 4 dagar. Ved utrekning av karaktersum legg ein dubbe! vegt paa karakterarne for norsk skriftleg og rekning skriftleg. Dei som ikkje greider minst medelkarakteren Tf. for alle baade munnlege og skriftlege fag, kann ikkje takast upp. Karakteren for teikneprøva vert likevel ikkje teken med i medelkarakteren for det fyrste. Dersom det er fleire elevar som hev greidt upptakingsprøva enn gymnaset kann røma, vert upptakingi avgjord etter karaktersummen. Hev fleire elevar same sum, legg ein mest vegt paa karakterarne for dei skriftlege prøvorne i norsk og rekning. § 9. [lo] Naar det gjeld upptaking i høgare klassor, skipar rektor (styrar) det som trengst med prøva etter forskrifterne i lovi § 22.
Skann 19 av Landsgymnaset 1916
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Landsgymnaset 1916, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/1896/landsgymnas-1916-komplett/s/19/