SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 39 skann 41

Oskar den fyrste. 39 rilske saker. Daa Wedel døydde 1840, vart Løvenskjold stathaldar. I desse aarom hadde handel, skipsferd og næring gjort god framgang, so landet smaatt um senn kom seg upp or fatigdomen. Serleg i kongens sidste tid var det godt samhelde millom konge og folk og likso millom Noreg og Sverike. Karl sohans store, kongelege velgjerd mot folk verkad ogso til aa auka folks kjærleike til honom, og dette kom tydeleg fyre dagen, daa den gamle kongen døydde 1844. Oskar den fyrste. Etter Karl sohan vart hans son Oskar den fyrste konge. Han vann nordmennerne reint; strakst han hadde vortet konge, gav han Noreg eiget samlags(unions-) flagd og andre ytre merke paa like rett med Sverike. Daa Tyskland hadde ufred med Danmark, søkte Oskar aa midla til beste fyre Danmark. Elles heldt kongen seg utanfyre dei store krigom i Europa, og med' Karl Johan hadde studt seg til Russland, vilde Oskar helder i lag med «vestmagterna» (England og Frankrike); med deim fekk han under Krim-krigen?* uppsett novembertraktaten, der vestmagterna lovad hjelp, ifall Russland tok paa Noreg elder Sverike. Med' kong Oskar førde styret, var der berre velnøgje. Regjering og storting arbeidde saman paa aa fremja all næringsdrift. Serleg medan Fredrik Stang var statsraad fyre indredepartementet, vart det fullført mange vegar, jarnvegsbyggjingi byrjad, kanalar vart bygde, telegrafar lagde, og handels- og næringsfridomen vart utvidad. Religionsfridomen vart ogso aukad ved dissentar-logi og derved, at jødar fekk retten til aa bu i landet. Fleire offentlege bygnadar vart fullførde, soleids det kongelege slott, universitétet, Gaustad sinnssjukehus og botsfengslet; stortingsbygnaden ogso byrjad dei med, men han vart ferdug fyrst 1866. I kong Oskars seinare aar vart der usemja millom storting og regjering. Under dette skilde stortingsmennerne seg i fleire deilar, som smaatt um senn vart til faste flokkar elder parti: 1) Sjaa verdenshistorien s. 67.
Skann 41 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 39». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/41/