SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 9 skann 11

Olav Tryggveson. y 9 Olav Tryggveson vart so konge; Tryggve, far hans, hadde Eirikssønerne drepet, og mor hans hadde maatt fly ut or landet med honom. Som gut vart Olav fostrad hjaa ein morbror i Gardarike (Russland); sidan drog han paa vikingferd til England, og der let han seg døypa. Han var just komen heim atter til Noreg den gongen, daa trønderne reiste seg mot Haakon jarl. Som konge prøvde Olav fyrst og fremst aa faa kristendomen innførd i Noreg, og han fõr hardt fram med det. I Trøndelagen fekk han mest motstand; men like vel kristnad han alle fylke frammed sjøen, og han fekk tilmed kristnat Island, Færøyarne og Grænlandt. Kong Olav bygde byen Nidarös (Trondheim) ved ösen elder mynnet til Nid-ælvi. Han friad til den svenske enkjedronningi Sigrid Storraade; men daa ho ikkje vilde lata seg døypa, slo Olav henne i andlitet med votten sin, og Sigrid skildest fraa honom, men sagde med det same: »Dette skal vel eingong verta din bane.« Sidan drog Olav til Vindland og skulde greida med nokre eigner, han hadde der. Daa fekk Sigrid Storraade svenskekongen Olav, son hennar, danekongen Svein og Eirik jarl, son hans Haakon jarl, til aa samla ein stor her og flote og yverfalla kong Olav, naar han reiste heim atter. Dei laag og ventad paa honom ved vo/dr, tett ved Rygen, og her vart det eit hardt slag. Kong Olav var sjølv umbord paa sitt gilde og prydelege skip Ormen lange; baade han og hans menner visste aa verja seg djervt; men fiendarne var for mange. Tilsidst stod der berre. 8 mann atter paa Ormen umfram kongen sjølv, og daa sprang han yverbord og druknad. Dette slaget stod i aaret 1000. Daa Olav var fallen, styrde Eirik jarl og hans bror Svein Noreg i 15 aar; dei var vensæle menner og milde styrarar. Olav Haraldsson den heilage. Far til Olav Haraldsson heitte Harald Grænske og var sonesonsson til Harald Haar) Gronland var funnet av nordmannen Eirik raude aar 982; Leiv, son hans, som hadde voret i Noreg hjaa Olav, og der vart kristnad, fann paa heimvegen aar 1000 det land, som han kallad Vinland. Det er i Nordamerika-
Skann 11 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 9». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/11/