SKARD English

Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894) s. 8 skann 10

8 Eirikssønerne og Haakon Ladejarl. døydde, fekk sønerne hans tilhald hjaa kong Harald Blaatann i Danmark, og der ifraa gjorde dei fleire ferder imot Haakon; men altid so slo han deim. Den sidste gongen kom dei yver honom paa øyi Stord i Sunnhordland; men Haakon og hans menner kjempad som karar, og Eirikssønerne maatte fly til skipi sine. Haakon sette etter deim, men fekk ei pil i armen; det vart hans bane. Fyrr enn han døydde, sende han bod til Eirikssønerne og gav deim Noreg etter seg. Haakon heve fenget tilnamnet den gode; baade vener og uvener gret yver hans daude, og alle sagde, at so god ein konge vilde der aldri koma til Noreg meir. Eirikssønerne og Haakon Ladejarl.. Harald Graafeld var den eldste av Eirikssønerne; dei var giruge og harde og vart difyre hatade. Eirikssønerne drap sitt systkinbarn Tryggve, som var underkonge i Viki sunnantjells; likso brende dei inne den megtuge trønderhovdingen Sigurd Ladejarl; men Haakon, son hans Sigurd, reiste so til danekongen Harald Blaatann og fekk hjelp der. Ved svik fekk dei Harald Graafeld lokkad ned til Danmark, og dér vart han drepen. So vart Haakon jarl Noregs styrar; men han skulde vera under den danske kongen, skatta aat honom og hjelpa honom med folk, um han kravde det. Seinare fekk danskekongen krig med den tyske kjeisaren, og Haakon jarl nøytte no paa, sagde seg laus fraa den danske kongen og lagde ikkje skatt lenger. Danekongen fekk dei djerve jomsvikingarne til aa byrja ufred med Haakon jarl. Desse megtuge vikingarne hadde sitt sæte i Jom i Pommern og stod under strenge loger. Men Haakon Jarl vann paa deim i det namnspurde slaget i Hjørungavaag paa Sunnmøre. I lang tid var Haakon jarl vel umtykt; men etter jomsvikingeslaget vart han stor paa det og usedug. Daa han med magt vilde taka den fagre Gudrun Lunde-sol fraa hennar husbonde, reiste bønderne seg mannjamt imot jarlen. Haakon jarl flydde aaleine med trælen Kark til si veninna Tora paa Rimol; men her vart han drepen av sin eigen træl i aaret 995.
Skann 10 av Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Ei liti illustrerad Noregs soga fyre folkeskulen (1894), s. 8». Versjon 2026-09-28. /boker/petersen-noregs-soga-1894/s/10/